Leirskuleprogram

I 2019 var det lovfesta at alle kommunane må tilby sine grunnskuleelevar eit leirskuleopphald:

  • 13-7 b Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur
    Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

 

Leirskule på Voss

For Voss leirskule er det ekstra kjekt å ynskja både nye og gamle leirskuleelevar velkomne, då det er mykje som har skjedd i bygda dei siste åra. Voss leirskule byr på mange ulike aktivitetar både høgt og lågt. Med nye Voss Gondol vert me frakta frå Voss sentrum til Hangurstoppen 818 moh på 5 minutt.

Voss er ei jordbruksbygd og er kjend for sitt gode idrettsmiljø. Vossabygda har lange skitradisjonar og har i tillegg bygd opp eit sterkt miljø rundt friluftsliv og ulike ekstremsportar som til dømes rafting, fallskjermhopping og elvepadling. Voss Leirskule ynskjer å bygge på vidare tradisjonar og aktivitetar i sitt leirskuletilbod.

Vinterleirskule:

Vinterprogrammet på Voss leirskule byr på meistring, glede, skiundervisning og skileik i fokus. I løpet av vinterleirskulen får du opp mot 20 timar instruksjon/veiledning i alpint, (det er moglegheitar for å nytte snowboard og langrenn, men dette må avtalast).

Me held til i anlegget til Voss Resort, der du under veka får øve deg på ditt nivå. Programmet vert tilpassa deltakarane og vêravhengig. Med ny opplæringsbakke på Hangurstoppen har me heilt unike moglegheita for dette, med gradvis progresjon og lengre løyper etterkvart.

Det kan vere ulike innhald i programmet som til dømes:

Instruksjon: Elevane vert delt inn i nivågrupper og får instruksjon kvar dag heile veka med ulike fokusområde.

Skileik: Me leiker på ski, med ulike aktivitetar i løype og ulent terreng.

Skipatruljen: Dei fortel om kva dei jobbar med, og om ferdsel i løypenettet.

Vår- og haustleirskule:

I vår- og haustprogrammet er fysisk aktivitet, friluftsliv, økologisk landbruk, historie og tradisjon i fokus. Vår- og haustprogrammet består av:

Programmet kan tilpassa etter deltakarane og er vêravhengig.

Teambuildingsaktivitetar: Etter ankomst om innlosjering på Voss Vandrarheim består programmet av ei rekke ulike aktivitetar som utførast i grupper. Samarbeid, konkurranse, planlegging, problemløysning er nøkkelord som beskriver aktivitetane under veka.

Voss Active-Klatreparken: Høgt og lågt. Spenning og moro. Ei utfordring. Meistring, både fysisk og psykisk.

Fjelltur: Me tek Gondolen- Voss Gondol til fjells, og går ein fin tur saman som ei gruppe. Me opplever høgfjellsterreng og lærer om fjellvet.

Bordalsgjelet: Eit fascinerande stykke natur, kombinasjon av juv og jettegryta. Me ser og lærer om naturens krafter.

Bål: Samling med noko godt på bålet, som både varmar og samlar gruppa. Ei stad for å møtas og reflektere over opplevingar.

 

Ulike dømer på tilleggsaktivitetar for leirskulen (tilleggskostnad):

Vandrarheimen har eit svært godt utangspunkt for utandørsaktivitetar. Her kan elevane fritt nytte opphaldsrom med bordtennisbord, biljarbord og dei flotte uteareala i si fritid. Det er kanoar på Vandrarheimen som ein kan nytte, gi beskjed om ein ynskjer dette i programmet.

Vandrarheimen har eit nært samarbeid med Finnegarden som sel økologisk frukt og grønsaker. Me besøker garden og nytter råvarer herfrå til vår frukostbuffet der ein finn blant anna speltbrød bakt på Voss, økologisk frukt og grønt og økologiske egg.

 

VELKOMNE TIL VOSS - Framleis ledige vår- og haustveker i 2026, ta kontakt!

  • Voss Leirskule har våken nattevakt.
  • Kapasitet: 2 klassar måndag til fredag.
  • Styrar: Liv Holmstrøm
  • Pedagogisk leiing v/ Voss kommune
  • Påmelding: Voss Vandrarheim (booking@vosshostel.com)

Last ned informasjon