Om Voss Vandrarheim
Voss Vandrarheim ligg med eige strand ved Vangsvatnet, kun 800 meter frå tog- og busstasjon og Voss Gondol. Me har fellesareal med bordtennis og biljardbord, peisestova og eit mindre gjestekjøkken for individuelle gjester. Frukostbuffeen er inkludert i prisen og består av lokalbakt brød, økologiske egg og økologisk frukt og grønt fra Finnegarden, rett over vegen. Om sommeren tilbyr vandrarheimen dagleg middag i sommarrestauranten og det er kiosk og bar med lokalt øl i resepsjonen.
Voss er eit mekka for alle som er interesserte i sport, natur og aktiviteter. Her er det noko for alle! Voss Gondol tek deg enkelt til fjells for korte eller lengre fjellturar, sykkelstinettet er i stadig utvikling, det er mogleg å leige seg kano, kajakk, SUP og sykkel i nærleiken. For den som er ute etter utfordringar og adrenalin har Voss paragliding, fallskjermhopping, rafting, juving og klatrepark. På ein kveld eller regnversdag kanskje Voss Vind med innendørsflyging eller svømming og badstu på Vossabadet freistar mest.
Det er ei spesiell oppleving å bu på vandrarheim. Ikkje er det bare eit rimelegare alternativ, det har ei uformell atmosfære og fungerer som ei kulturell møteplass.
Voss ligg midt i blinken for å utforske Vestland. Me ligg i ruta for Norway in a Nutshell, midt mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden, og dagsturar til siderruter i Ulvik og zip-line i Flåm høyrer også til favorittane.
Gjester kjem til oss frå heile verda. Nokon kjem aleine, nokon med venner, nokon med familie og nokon med sitt idrettslag. Nokon kjem for sport, nokon for å slappe av, nokon for jobb og nokon for festival. Enkelte er på gjennomreise, andre på besøk hjå slektingar. Blandinga av gjester er noko av det finaste med vandrarheimar.