Aktivitetar

Aktivitetar på Voss

Få stader byr på fleire aktivitetar enn Voss - heile året. Med nye Voss Gondol kjem du deg lett til fjells året rundt. Du kan utfordre deg med fallskjermhopping og paragliding, rafting og elvebrett, elvepadling og fjellsykling, klatrepark og zip-linebaner. Er du ikkje ute etter adrenalinrusjer, har Voss også golf, sykling, SUP, turpadling og vandring for deg. På regnversdagar eller kveldar fristar Voss Vind med innendørsflyging og Vossabadet er ope med både svømming, vatnleik, stuping og badstu.

På Vandrarheimen kan du låne volleyball og leike på stranda, leige kano eller SUP-brett for ei roleg tur på Vangsvatnet, eller bare slappe av med øko-is og kaffi, eller smake noko frå dei lokale bryggeria. Sia vinteren 2022 har me også "Badstovo" på terrassen som både er ope for drop-in på måndagar og fredagar eller kan bookast privat når det passar.

Vintersesongen er fin for både langrenn og turski, og med to alpinanlegg i nærleiken, Voss Resort og Myrkdalen, finns det nedfarter som passar alle. Om det er bra skøyteis på Vangsvatnet, har me nokre par skøyter til utlån i resepsjonen.

Me hjelper deg gjerne med å booke aktivitetar!

Anbefaler også å sjekke aktivitetar på www.visitvoss.no