Skip to content

Skuleturar

Skuleturar på Voss

Voss Vandararheim ligg flott plassert, på stranda mellom Vangsvatnet og garden Finne, likevel kun 10 minutter lang gangveg til Voss stasjon og Voss Gondol.

Voss Vandrarheim egnar seg godt for grupper, har eit opphaldsrom med bordtennis, biljardbord i peisestova og tilbyr heimelaga middag med lokale råvarer og økologisk frukt og grønt frå Finnegarden, vår nærmste nabo. Frukosten vår er ei god start på dagen, og det er mogleg å laga seg niste frå frukostbuffeen. Utearealet med eige strand inviterar til leik og aktivitetar som kanotur eller volleyball, og me lagar gjerne bål til dykk å samlast rundt i skumringen.

Våre rom har 4-5 senger og alle rom har eige dusj og toalett.

Kontakte oss for eit tilbod til di gruppe!