Skip to content

Leirskuleprogram

I 2019 var det lovfesta at alle kommunane må tilby sine grunnskuleelevar eit leirskuleopphald:

  • 13-7 b Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur
    Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

 

Leirskule på Voss

For Voss leirskule er det ekstra kjekt å ynskja både nye og gamle leirskuleelevar velkomne, då det er mykje som har skjedd i bygda dei siste åra. Voss leirskule byr på mange ulike aktivitetar både høgt og lågt. Med nye Voss Gondol vert me frakta frå Voss sentrum til Hangurstoppen 818 moh på 5 minutt.

Voss er ei jordbruksbygd og er kjend for sitt gode idrettsmiljø. Vossabygda har lange skitradisjonar og har i tillegg bygd opp eit sterkt miljø rundt friluftsliv og ulike ekstremsportar som til dømes rafting, fallskjermhopping og elvepadling. Voss Leirskule ynskjer å bygge på vidare tradisjonar og aktivitetar i sitt leirskuletilbod.

På vinteren står skiundervisning og skileik i fokus. I løpet av vinterleirskulen får du opp mot 20 timar instruksjon/veiledning i alpint og turski / langrenn. Me held til i anlegget til Voss Resort, der du under veken får øve deg på ditt nivå, samt ha ein turdag med skileik. Me lærer om fjellvet og skredlære, samt bygging av leskjerm og enkle snøholer.

I vår- og haustprogrammet er fysisk aktivitet, friluftsliv, økologisk landbruk, historie og tradisjon i fokus. Du har ein dag i klatreparken og ein dag på fjelltur med innlagte utfordringar som kart og kompass. Me padlar kano og besøker Bordalsgjelet. Besøk på Finnegarden og på Mølstertunet (frå 1500-talet) står også på programmet.

Vandrarheimen har eit svært godt utangspunkt for utandørsaktivitetar. Og her kan elevane fritt nytte opphaldsrom med bordtennisbord, biljarbord og dei flotte uteareala i si fritid.

Vandrarheimen har eit nært samarbeid med Finnegarden som sel økologisk frukt og grønsaker. Me besøker garden og nytter råvarer herfrå til vår frukostbuffet der ein finn blant anna speltbrød bakt på Voss, økologisk frukt og grønt og økologiske egg.

Tillegg (ekstra kostnad)
Muligheiter for å fly i vindtunell, Voss Vind. Vossabadet.

VELKOMNE TIL VOSS!

  • Voss Leirskule har våken nattevakt.
  • Kapasitet: 2 klassar måndag til fredag.
  • Styrar: Knut Finne/Liv Holmstrøm
  • Pedagogisk leiing v/ Voss kommune
    Leirskolelærer Agnete Økland
  • Påmelding: Voss Vandrarheim (booking@vosshostel.com)
  • Pris: frå kr 2 600 per person

Leirskuleprogram haust:

Teambuildingsaktivitetar: etter ankomst om innlosjering på Voss Vandrarheim består programmet av ei rekke ulike aktivitetar som utførast i grupper. Samarbeid, konkurranse, planlegging, problemløysning er nøkkelord som beskriver aktivitetane under veken.

Fjelltur: Me tek Gondolen til fjells, og går ein fin tur saman som ei gruppe. Me opplever høgfjellsterreng og lærer om fjellvet.

Klatreparken: Høgt og lågt. Spenning og moro. Ei utfordring. Meistring, både fysisk og psykisk.

Bordalsgjelet: Eit fascinerande stykke natur, kombinasjon av juv og jettegryta. Me ser og lærer om naturens krafter.

Bål: Samling med noko godt på bålet, som både varmar og samlar gruppa. Ei stad for å møtas og reflektere over opplevingar.

 

Leirskuleprogram vinter:

Vinterprogrammet på Voss leirskule byr på meistring og glede gjennom aktivitet på ski. Med ny opplæringsbakke på Hangurstoppen har me heilt unike moglegheitar for dette, med gradvis progresjon og lengre løyper etterkvart.

Instruksjon: Elevane vert delt inn i grupper og får instruksjon kvar dag heile veka med ulike fokusområder.

Skipatruljen: Dei fortel om kva dei jobbar med, og om ferdsel i løypenettet.

Skileik: Me leiker på ski, med ulike aktivitetar i løype og ulent terreng.

Mountain Battle: Orientering i heisanlegget. Elevane får kart, og skal finna postane som ligg i løypene.

 

For meir informasjon og prisar, vennligst kontakte leirskulelærar Agnete Økland på agnete.okland@skule.voss.no eller Voss Vandrarheim og leirskule på booking@vosshostel.com

Framleis nokre ledige veker i vinter og haust 2020!