Skip to content

Leirskule og skuleturar

 

 

Voss må vel vera ei av dei flottaste stadene for skuletur og leirskule!

Her er det kjekke aktivitetar om seinsommar og haust med rafting, rappellering, klatrepark, fjellturar og kajakkturar - og om vinteren har me to alpine skianlegg og eit flott tursenter for langrenn. Voss Gondol går til fjells heile året og de kan avslutte ein aktiv dag i Vossabadet eller med innendørs flytur på Voss Vind.

Uansett om din skule vil på skuletur eller leirskule, har me gode tilbod til dykk! Her bur du på rom med dusj og toalett, fellesareal som inviterar til sosiale aktivitetar, uteareal med strandlinje og ei 10 min spasertur inn til Vangen.

Kontakte oss på booking@vosshostel.com eller ring 5651 2017 eller 9759 3888.

Leirskulepakke inkluderer

Overnatting – 4 netter i 4-6-mannsrom med dusj og toalett

Pedagogisk opplegg – med kommunal leirskulelærar for grupper med refusjonsgaranti, 4-5 dagar med leirskuleundervisning frå kl 9-16

Voss Vandrarheim har vaken nattevakt, og kan hjelpe til med å legge opp kveldsprogram under veken.

Sjå leirskuleprogram for meir informasjon.