Velkomen til
Voss Vandrarheim
Det naturlege og økologiske valet
nyt utsikta
og god stemning

Sjekk om me har ledig

Med eige strand og badstu, nære sentrum!

Voss Vandrarheim ligger med eige strand, 800m frå gondol- og jernbanestasjon. Kanoer til utleige, volleyballbane på plenen og badstu på terrassen.

Flott gangveg langs Vangsvatnet, ca 1,2km til sentrum av Voss.

AKTIVITETAR

Få stader har meir å tilby av aktivitetar enn Voss! Her kan du heile året ta gondolbanan rett til fjells, fly innandørs med Voss Vind, bada i Vossabadet. Vinterstid har me to flotte skianlegg, sommartid kan du padle kajakk, kano eller SUP, sykle, vandre, rafte eller besøke klatreparken.

BEGYNN DAGEN MED GOD FRUKOST!

Me samarbeidar tett med Finnegarden og serverar kun økologisk frukt & grønt. Også kaffi, te, melk, ost og egg er økologiske, og brødet er bakt hjå lokale Vossabakst.

Vel bekomme!

Finnesloftet

Finnesloftet er ein hall frå 1295. Medan i alt 28 norske stavkyrkjer er bevart, står det att berre ein mellomalderhall i tre. Hallen var ein festsal og ein samlingsstad. Her høvde det å ta i mot gjester og by dei øl, mat og godt lag. Omvisning for grupper kan ordnast etter avtale.

terrasseFotoLivHlandsc

SOMMARRESTAURANT

"Pop-up sommarrestaurant" i 2022!

Det ser ut å bli ein travel sommar og me er ikkje heilt tilbake til dagleg drift av sommarrestaurant i fellesferien i år - men me satser på tilby middag i perioder da kjøkkenet har kapasitet. Meir info kjem her, på Facebook og på Instagram!

LEIRSKULE OG SKULETUR

Voss Vandrarheim har sia 1980-tallet innlosjert norske leirskulegrupper samt også hatt eit langvarig samarbeid med engelske skulegrupper. Me tilbyr saman med kommunal leirskulelærar haust- og vinterleirskule, og ynskjer også klasser på skuletur velkomne.